The UNESCO Transatlantic Slave Trade project Please visit our sponsors.
Click Here to Visit our Sponsor
The UNESCO Transatlantic Slave Trade project

Petitartikkel og k�seri

Namnet petitartikkel kjem av det franske ordet for liten: petit, og eigentleg tyder nemninga ein tekst som er skriven med ein bestemt teksttype kalla petit. I typografien har teksttypane namn etter storleiken. Ein vanleg teksttype, cicero, har til d�mes 12 s�kalla typografiske punkt, medan petit er ein noko mindre skrifttype med 8 punkt.
Petitartikkelen har alts� f�tt namnet sitt fordi det var ein tekst med litt uh�gtidleg innhald som vart trykt med mindre bokstavar enn resten av stoffet i ei avis eller eit blad.
Petiten er ein kort tekst, som oftast kortare enn essayet, og meininga er � underhalde. Men det kan likevel vere eit alvorleg poeng under dei vittige formuleringane. S�rmerkt for petiten er at han ofte handlar om ei bestemt aktuell hending, som petitforfattaren gjerne set p� spissen for � f� fram eit poeng. Og poenget er ofte � snu litt p� vanlege oppfatningar, eller � f� fram noko forfattaren er usamd i. Men den som nyttar genren petit for � f� sagt det han meiner, vel � gjere dette utan gravalvor, tvert om pr�ver han � utnytte den krafta som ligg i det � f� l�tten p� si side.
K�seriet er i slekt med petiten, men det skal framf�rast munnleg, som eit underhaldande foredrag. K�seriet har dei same kjenneteikna som petiten, men kan gjerne vere lengre.
Dei viktigaste kjenneteikna ved desse to genrane kan vi oppsummere i fem punkt:

  1. Munnleg spr�k. B�de i ordval og setningsbygnad kan forfattaren utfalde seg sv�rt fritt. B�de ufullstendige setningar og dialektinnslag kan vere nyttige verkemiddel.
  2. Ironi. Dette er eit av dei viktigaste verkemidla i petiten.
    Ironi vil seie at vi seier noko, men l�t det skine gjennom at det motsette er det rette.
  3. Humor og satire. Det kan vere mange m�tar � f� folk til � le p�. Berre det � sj� ein situasjon fr� ein uvanleg synsstad eller i ein uvanleg samanheng, kan vere morosamt. Ei viss overdriving (hyperbol) eller �underdriving� (litotes) kan gi ein humoristisk verknad.
    Satiren liknar meir p� ironien enn humoren gjer, og kallar lettare p� flir enn p� latter. Men satire er ikkje det same som ironi.
    N�r vi nyttar satire, pr�ver vi � f� fram det vi meiner er latterleg, n�r vi nyttar ironi, seier vi det motsette av det vi meiner.
  4. Vandring i emnet. B�de i petiten og i essayet knyter forfattaren stoffet saman ved hjelp av anekdotar og frie assosiasjonar. Det kan verke som om han er p� ei slags reise og stoppar der han har bruk for det.
  5. Subjektivitet. Petitartikkelen er sv�rt personleg, anten den er skriven i eg-form eller ikkje. Det er jo nettopp meiningar og holdningar hos forfattaren som pregar forma. Han har stor fridom til � velje verkemiddel, og det er ikkje noko strengt krav om at han skal vere sakleg. Han kan gjerne overdrive eit poeng eller setje ei sak p� spissen.
    Mange aviser har ei fast petitspalte der ein petitjournalist tek opp aktuelle saker p� sin eigen m�te. Petiten fungerer da som ein satirisk kommentar til aktuelle hendingar.
    l radioen er det og faste programpostar med k�seri. Kvar morgon k�serer ein morgonk�s�r over aktuelle eller allmenne emne. Om emna og verkemidia kan vere ulike, har dei likevel eitt felles drag, dei vil alltid ha ein viss brodd.
(Kilde: "Spr�kbruksanalyse" DNS)
Ghana - Norway - Trinidad&Tobago
Index | Start | Slave Route (frames) | Search | E-Mail | ICQ | Home (frames)